|
Rare hytteinnbrot :: Skrevet: 02.06.2010 ![]() kilde: www.ba.no Fire av innbrota har skjedd etter påske på strekninga mellom Eikedalen og Jonshøgdi. - Det merkelege er at nesten ingenting er stole i desse hyttene, seier politioverbetjent Andor Helgheim ved Kvam lensmannskontor. - Det ser ut som dei berre har sett seg rundt. - Vi kan mistenkja at det er rekognosering som forgår. Kanskje eit raid er under planlegging, seier Helgheim. Innbrota vart oppdaga då alarmen gjekk på ei av hyttene. - Ein kniv og litt sjampo er alt som er vekke, seier Torkjell Kjosås. Han driv vaktselskap på Kvamskogen og var den som kom til hytta då alarmen gjekk. - Dei har gjort veldig fint arbeid, fortel han. - Du kan nesten ikkje sjå at nokon har brote seg inn. Noko i gjære? - Dei har ordna fint opp etter seg slik hytteeigarane ikkje skal merka innbrotet. Små merke etter brekkjarn på ein vinduskarm kan vera alt som tyder på uønska besøk. Kjosås fryktar også at noko er under planlegging. Kvamskogen er ei mil lang og har 2000 hytter spreidd utover. Mange fleire hytter kan ha hatt besøk utan at dette er oppdaga. - Hytteeigarane må ta seg ein tur og sjekka, meiner Kjosås. |
|
|||||||||||||